Annonsørinnhold

Handlekraftprisen 2025:

Kva er den mest handlekraftige bedrifta på Vestlandet?

Det kan du verE med og bestemme!

Late April in Oldedalen

Handlekraftprisen:

Kva er den mest handlekraftige bedrifta på Vestlandet?

Det kan du verE med og bestemme!

Late April in Oldedalen

For å vise handlekraft trengs både evne og vilje. Det veit dei fire finalistane til årets Handlekraftpris. Kven synest du bør få den gjeve tittelen «Vestlandet si mest handlekraftige bedrift»? Les dei inspirerande historiene til dei nominerte.

Tidlegare vinnarar er askøybedrifta Framo og ålesundsbedrifta Spilka. Når Vestlandskonferansen blir arrangert 11. februar i Grieghallen, skal Handlekraftprisen delast ut for tredje gong. No kan publikum stemme fram årets vinnar!

KLIKK PÅ BILETA FOR Å LESE MEIR OM DEI NOMINERTE BEDRIFTENE ELLER SCROLL NEDOVER

Bli kjent med dei fire finalistane!

Boliden

NorDan

Norway´s Best Group

SEAM

Næringslivet sine beste representantar

– Det er tid for å tenke nytt, det er tid for å tenke saman. Vi treng bedrifter som viser handlekraft og finn betre løysingar og nye vegar, seier Siren Sundland.

Ho er konserndirektør i Sparebanken Vest og styreleiar i Agenda Vestlandet, stiftinga frå Sparebanken Vest.

– Vi deler ut Handlekraftprisen fordi vi vil vise fram inspirerande suksesshistorier frå næringslivet på Vestlandet. Dei fire finalistane er bedrifter som har vist evne til å skape nye, grøne produkt og tenester, seier Frode Fjeldstad, direktør for tildelingar i Agenda Vestlandet.

Han held fram:

– Finalistane som er nominerte til Handlekraftprisen står for det beste av næringslivet på Vestlandet. Vi håper mange vil la seg inspirere av dei!

«ALARM» er tema for Vestlandskonferansen, som tek opp dei store utfordringane som pregar oss, og korleis vi kan møte desse med konkrete løysingar.

Næringslivet sine beste representantar

– Det er tid for å tenke nytt, det er tid for å tenke saman. Vi treng bedrifter som viser handlekraft og finn betre løysingar og nye vegar, seier Siren Sundland. Ho er konserndirektør i Sparebanken Vest og styreleiar i Agenda Vestlandet, stiftinga frå Sparebanken Vest.

– Vi deler ut Handlekraftprisen fordi vi vil vise fram inspirerande suksesshistorier frå næringslivet på Vestlandet. Dei fire finalistane er bedrifter som har vist evne til å skape nye, grøne produkt og tenester, seier Frode Fjeldstad, direktør for tildelingar i Agenda Vestlandet.

Han held fram:

– Finalistane som er nominerte til Handlekraftprisen står for det beste av næringslivet på Vestlandet. Vi håper mange vil la seg inspirere av dei!

«ALARM» er tema for Vestlandskonferansen, som tek opp dei store utfordringane som pregar oss, og korleis vi kan møte desse med konkrete løysingar.

– «ALARM» er ein invitasjon til handling, innovasjon og samarbeid. Vi rettar lyskastaren mot menneske som finn betre løysingar og nye vegar ut frå gamle, kjente problem.

Siren Sundland, konserndirektør i Sparebanken Vest og styreleiar i Agenda Vestlandet.

Kandidatane til Handlekraftprisen er nominerte av Næringsforeningen på Haugalandet, Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsforeningen i Stavangerregionen.

Handlekraftprisen blir delt ut til kandidaten som får flest stemmer. Under kan du stemme på din favoritt.

Stem på din favoritt her

Boliden Odda:

– Blant verdas grønaste metallprodusentar

Odda: Behovet for sink på verdsbasis er aukande og trengs til det grøne skiftet. Boliden Odda forventar 75 prosent produksjonsauke og har større ambisjonar enn nokon gong.

– Dei som skal lage sink i framtida, må kunne lage metallet på ein berekraftig måte. Ingen er betre enn oss i Boliden Odda til å utføre den jobben, seier administrerande direktør Helene Seim.

Noregs einaste sinkverk sluttfører snart eit av dei største utbyggingsprosjekta i norsk landbasert industri i moderne tid.

– Behovet for sink på verdsbasis er aukande. Metallet trengs til det grøne skiftet, til framtida og til nye berekraftige og gode løysingar for samfunnet, seier Seim.

Sink er eit viktig metall som finst i byggebransjen, bilindustrien, helsesektoren og på havet. Metallet er ein avgjerande del av det grøne skiftet, fordi sink forlenger levetida til andre metall og konstruksjonar, som til dømes til offshore vind.

 – Verda treng meir sink! Til det grøne skiftet, til framtida og til nye berekraftige og gode løysingar for samfunnet. 

Sidan 1924 har smelteomnane i Odda levert til ei stadig meir sinksvolten verd. Det som tidlegare var ein noko avsides stad å lage sink på, har vist seg å vere ein smart stad for slik produksjon. Eit av stikkorda er vasskrafta, som gjer det mogeleg å lage sink nærast CO2-fritt.

– Ved å bruke den fornybare vasskrafta i Odda som energikjelde, er vi allereie i toppen blant verdas grønaste metallprodusentar.

Sinkverket har runda 100 år og har større ambisjonar enn nokon gong. Dei 360 medarbeidarane i Odda produserer sink for verdsmarknaden og omset for to milliardar kroner årleg. Med utbygginga Green Zinc Odda 4.0, aukar produksjonskapasiteten frå 200.000 tonn til 350.000 tonn grøn sink per år.

– Vi moderniserer og digitaliserer drifta. Samtidig henter vi meir ut av råvarene gjennom eit nytt prosessanlegg for bly og sølv. Vi reduserer avfallet tilsvarande. Alt dette gjer vi basert på 100 års erfaring i bransjen.

Moderniseringa har gjort Boliden til ein attraktiv arbeidsplass i regionen.

– I staden for å vegre oss for å møte ei krevjande framtid, har vi satsa mange milliardar kroner på å møte framtida på best mogleg måte. Fordi vi vil vere med å spele ei rolle i minst hundre år til!

NorDan:

– Ei norsk suksesshistorie i Nord-Europa

Moi: Fabrikkane nyttar trespon frå produksjonen til oppvarming. NorDan har eige kraftverk og solceller på taket. No er dei også blitt leiande på miljødokumentasjon i byggebransjen.

Frå ei lita bygd sør for Stavanger, har NorDan blitt til tolv fabrikkar i ni land med 2300 medarbeidarar.

– Heile tre av ti norske bygg har vindauge og dører frå NorDan. Vi er også store i Storbritannia, Irland, Sverige og Danmark. Det er vi stolte av, seier CEO Dag Kroslid i NorDan Gruppen.

Toppleiaren går med lette steg rundt i fabrikken på 40.000 kvadratmeter på Moi. På eit areal tilsvarande nær sju fotballbanar, helsar direktøren på alle han møter av dei 350 tilsette.

Det familieeigde selskapet feirar 100-årsjubileum i 2026. Sidan oppstarten har NorDan blitt den største produsenten av vindauge og dører i Noreg, og blant topp ti i Europa. Men bygningar og byggebransjen står for ein stor del av klimautslepp og energiforbruk.

 – Vi produserer dei mest klimavennlege og energieffektive vindauga og dørene til nybygg og renovering. 

– Vi baserer oss på tre som råvare og norsk design, tilpassa vårt klima, fortel Kroslid.

Selskapet har gjort store endringar for å effektivisere drifta og bli meir berekraftig.

– Fabrikkane våre nyttar trespon frå produksjonen til oppvarming. Vi har investert mykje i solceller. Her på fabrikken ved hovudkontoret på Moi har vi også kjøpt vårt eige vasskraftverk i 2024.

NorDan jobbar tett med leverandørane for å ytterlegare redusere fotavtrykket til vindauga og dørene dei produserer. Med nye miljøkrav har bedrifta også jobba aktivt med miljødokumentasjon og blitt leiande i bransjen på dette. Kroslid meiner det grøne skiftet er ei stor moglegheit, ikkje ei utfordring eller belastning.

– Våre energieffektive vindauge og dører er faktisk ein viktig del av løysinga på klimautfordringa. Hugs at den mest miljøvennlege energien er den som ikkje blir nytta.

Selskapet har lenge vore oppteke av å ta samfunnsansvar. NorDan var den første bedrifta i Noreg som oppretta eit kulturfond som årleg deler ut ein million kroner til lag og foreiningar.

– Vi er ei norsk suksesshistorie i Nord-Europa, med ein tydeleg berekraftsprofil. Med visjonen «Perfekt samspel» jobbar vi aktivt for å levere vindauge og dører med leiande energieffektivitet.

Norway´s Best Group:

– Vi held liv i norske bygder

Flåm: Reiselivskonsernet Norway´s Best Group har verdsarvområdet Nærøyfjorden og turistmagnetar som Flåmsbana som arbeidsplass. Dei baserer vidare utvikling på å ta vare på naturen og skape eit berekraftig liv i distrikta.

Selskapet mellom fjord og fjell har 400 tilsette. Kvart år viser dei ein million gjestar noko av det beste Noreg har å by på.

– Vi lever av å selje kultur- og naturopplevingar. Det å balansere vidare utvikling med å ta vare på naturen er vår store hjartesak, seier group CEO Per Brochmann i Norway´s Best Group AS.

Det er ingen durande dieselmotor som forstyrrar turistane om bord i båten «Legacy of The Fjords». Den er ein av to nullutsleppsfartøy som seglar stille på elektrisitet langs Nærøyfjorden. Sjølv på ein kald vinterdag er det 120 utanlandske turistar om bord.

Medan turistane tek bilete av fjord og fossefall, viser Brochmann oss rundt i det moderne skipet. Han fortel at berekraftig reiselivsutvikling er komplekst. Frå å redusere klimagassutslepp, til å handtere eit stort antal besøkande. Det å balansere turisme, natur og sårbare lokalsamfunn.

– Vi har lenge vist veg og tatt grep for å bidra til det grøne skiftet. Norways Best har elektriske tog, båtar og bussar. Vi bruker lokale matprodusentar og ser på heile verdikjeda i vårt berekraftarbeid.

 – Vi har lukkast med å skape heilårs reiseliv. Det har gitt attraktive arbeidsplassar og eit berekraftig liv i distrikta. 

Norway´s Best Group har over tid profesjonalisert drifta.

– Vår handlekraft ligg i ein organisasjon med evne og vilje til endring. Vi har vist mot til å gjere investeringar som gagnar oss på sikt både i eit miljømessig og kommersielt perspektiv.

Reiselivskonsernet har jobba spesielt med å tilby arbeid for dei tilsette gjennom heile året.

– Vi jobbar med å utvikle eit sterkt kompetansemiljø. Nøkkelen til suksess ligg i ein organisasjon med stort mangfald og motiverte medarbeidarar, seier Per Brochmann.

Han held fram:

– Vi forvaltar det vestnorske fjell- og fjordlandskapet som heilt unike globale reisemål. Vi held liv i norske bygder. Det skal vi fortsette med!

SEAM:

– Bryt barrierar innan maritim teknologi

Karmøy: SEAM skapar teknologi som gjer norske og utanlandske skip meir miljøvenlege. På få år har selskapet fått ei leiarrolle i den grøne bølgja.

Rett ved fjorden og tett på eit gamalt skipsverft utviklast framtidsretta maritim teknologi. I eit moderne bygg jobbar 170 tilsette i SEAM. Sidan 2016 har bedrifta jobba med å omstille den maritime industrien.

– Vi produserer automatisjons-, kraft- og kontrollsystem. Det vil seie hjartet og hjernen til skipet. Samt komplette heilelektriske og hybride system til fartøy, seier CEO Gunvald A. Mortvedt i SEAM.

No er bedrifta blitt ein leiande leverandør av nullutsleppsløysingar for skip, både nasjonalt og internasjonalt.

Målet deira er å utvikle og levere dei mest effektive kraft- og automatiseringsløysingane. Det vil mogleggjere og sikre framtida med rein energi.

– Vi gjer reisa til reiarlaga best mogleg, med miljø- og driftsmessig effektivitet som er så stabil og risikofri som mogleg. Det gjer vi ved å utvikle og levere kostnadsreduserande og framtidsretta teknologi og system, fortel Mortvedt.

 – Vi bidreg til store utsleppsreduksjonar og ein meir framtidsretta maritim industri.

Direktøren meiner at SEAM bidreg til å sikre framtida for skipsfarten.

– Vi står på kvar dag for å løyse komplekse utfordringar og finne nye, energieffektive løysingar.

Frå Karmøy jobbar SEAM med målet om ei reinare framtid.

– Dei som stemmer på oss, stemmer på dyktige og engasjerte menneske som heile vegen bryt barrierar innan maritim teknologi!

Fakta:

  • Vestlandskonferansen skjer 11. februar 2025 i Grieghallen i Bergen og har tittelen «ALARM».
  • Programmet rettar i år lyskastaren mot menneske som tenker nytt for å finne løysingar på kjende problem.
  • Vestlandskonferansen har vore arrangert årleg sidan 2002, og er Vestlandet sin viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia.
  • Dei fire kandidatane til Handlekraftprisen er nominerte av: Næringsforeningen på Haugalandet, Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsforeningen i Stavangerregionen.

Stem på din favoritt her

Til toppen

Produsert av Schibsted Partnerstudio og
Agenda Vestlandet, stiftinga frå Sparebanken Vest

Journalistene og redaksjonene i Schibsteds medier har ingen rolle i produksjonen og publiseringen av dette annonsørinnholdet.
Schibsted Partnerstudio
© 2025 Schibsted | Personvernerklæring og informasjonskapsler (cookies).